Skryt:
Av Preben Dale

Vi lever på ei utruleg flott jord. Men ho er lita. 28.04.01 var den 60år gamle milliardæren Dennis Tito, verdas fyrste romturist. Han måtte betale 180 millioner kroner for ei vekes opphald i rommet. Det er eit stort teknologisk framsteg at menneske kan reise i verdsrommet. Mange har vore der ute før , mens Denne er verdas fyrste romturist.

Eg likar fart. Det som gjeng fort er spennande og bra, fly, raketter og liknande. Her er ei lita historie : Tre gutar skrøt av kven som hadde den raskaste faren. Den eine hadde ein far som var drosjesjåfør, men eigde ei Porshe, og han kunne køyre i 300 kilometer i timen. Den andre sa: "Det er ingenting. Min far er jagarflygar, og han kan køyre i 2500 kilometer i timen". Den tredje sa: Det er ingenting. Min far arbeider i kommunen og han slutter klokken 15.00 og er hjemme klokken 14.55.

Sola kjenner vi alle til. Tenk deg at sola er ein fotball og jorda er ei bittelita kule. Det vil seie at det er plass til 1.300.000 jordklodar inn i sola. Tenk deg ein del av sola på størrelse med eit kaffeskukker plassert i Kristiansand. Det ville gi tusen varmegrader i Oslo. Eg vil ikkje tenkja kor varmt det ville ha vore her i Kristiansand.

Tilbake til han Dennis Tito som ville ut å reise. Han reiste ikkje langt. Han var "jo" berre ein liten "svipp" rett rundt i nabolaget. For hør nå litt her på dette. La oss dra på ein skikkeleg tur. Tenk deg med eit rutefly som gjekk i 1000 kilometer i timen. Då ville det ha teke 17 år for å komme fram til sola. Men vi kan ikkje halde fram på denne måten. Då kjem vi ikkje lengre enn Dennis gjorde. Vi må ha verkeleg fart hvis vi skal ein gong kome fram. Ja, med lysets hastighet , 300.000 kilometer i sekundet , ville det berre ha teke ca 8 minutter. Pluto er ein av dei 9 planetene i vårt solsystem, den lengst borte. Det ville ha teke 680 år med rutefly i 1000 kilometer i timen, men berre 5.5 time med lysets hastighet på 300.000 kilometer i sekundet. Men de, vi må mykje lengre.

Mjølkevegen - Elipseforma
Det ville ha teke 100.000 lysår for å reisa frå den eine staden til den andre. Antall stjerner i Mjølkevegen er 100 milliardar. I 1929 forstod ikkje vitenskapsmennene betre enn at det var berre ein Mjølkeveg med 100 milliardar stjerner. Men nå i dag veit vi at det er ein milliard Mjølkevegar med 100 milliardar stjerner i kvar. Tettheta er så stor - og muligheita for at dei skal støyte saman er som om ein slepp ut 14 fluger i Europa, og at dei skal støyte saman. Lite sannsynleg.

Nå er det vel best å kome seg heimat. På heimturen kom eg på ein historien om "venndølen" som skulle til tannlegen.

Altså, det var ein gong "venndøl" herr Olsen, som skulle til tannlegen. Han kom inn og sette seg i stolen og gapte noko så utruleg. Noko så vanvittig mykje. Då tannlegen kom og så korleis herr Olsen gapte, sa han, det var da svært som du gapar. Men skal du ikkje bore då, sa mannen? Jau , men eg skal stå på utsida.

Konklusjonen her er at vi har kome langt med teknologien, men vi har ikkje kome langt allikavel.


Tenkjande datamaskinar
Av Morten Øhrn

No blir vi menneskje stadig heldigare! Etter å ha vore velsigna, om ein kan si det slik, med datamaskinar i snart to tiår, tar vi eit steg vidare: Tenkjande datamaskinar. I fremtida kan eg ved oppgåver som dette berre overlate det heile til datamaskinen.

Dersom ein kan mate maskinen med våre eigne tankar kjem det til å bli mange maskinar som slit psykisk. Her finst ein stor marknad, berrer tenk på alle dei datapsykologane vi kjem til å trengje.

Eg fryktar òg for kva som skjer når den tida kjem, at maskinane forstår kva nyte dei gjør i samfunnet. Tenk om dei organiserar seg i ei fagrøyrsle do byrjar å forhandle om gode som fast tilkobling til Internett, berre 6 timars arbeidsdag, og helgefri. Det er ikkje sikkert dei er nøgde med lærerlønninga.

Men kva skal ein stakkar gjere når han oppdagar at kontoen er tømt, og skjønar at den einaste som kan stå bak er datamaskinen? Skal ein melde han til datatilsynet? Og korleis kan vi vite at dei som sit i tilsynet er objektive, om det viser seg at maskinane kjem frå same fabrikk?

Med innføringa av tenkjande datamaskinar får menn ein ny konkurrent på heimebane. Kvinner klagar støtt og stadig på at menn ikkje høyrer på dei. Ein datamaskin vil kanskje bli ein betre lyttar. Kan hende forstår datamaskinen kvinnene sitt komplekse univers?

Nei det er mykje vi dødelege undrar på, og eg kan ikkje vente til eg skal sleppe dette presset. Berre tenk - nei forresten, ikkje tenk! Det skal jo datamaskinen gjere.

Modemaggresjon
Av Anne Marte Nedland og Malene Ramstad

Kva er eit modem? Det er ein liten boks som har tilknyttning til heile verda. Mange opplever ein grusom aggresjon ved å vere tilknytta til eit modem. Det går sakte, og personar har ofte ein tildens til å la sinnet gå utover "musa", det uskuldege tastaturet, den "lisle boksen" eller skjermen.

Eigentleg burde det kanskje vore innført eit forbod for aggressive å ha modem. Det kan gi livstruande effekt på menneskjer. For eksempel kan det gi hjerteinfarkt, og ei kan risikere å skade andre og seg sjølv. Kven har ikkje opplevd den tomme følinga av å sitje foran skjermen , når den blå streken beveger seg sakte framover. Det følast æveleg, og dette burde vere unødvendig.

For kvar gong du skal du skal bruke modemet må man kople seg til. Dette kan gi store problema. Av ein eller annan grunn vil den bare ikkje kople seg til. Du spring rundt og skjekkar om alt er kopla til. Du trykka på alt du ser, i håp om at kople til lyden kjem.

Vi som har modem lever på ein måte i steinalderen. Nå er det meir snakk om kva ISDN er. Det er eit samarbeid om eit betre Internett mellom Island, Sverige, Danmark og Noreg.

Alle desse Internettilkoplingane skal visstnok vere raskare og mindre "skadelege" enn modem. For å nyttiggjere desse koplingane må ein ha ei ekstra linje til Internett. To linjer kan jo vere praktisk å ha, særleg for oss jenter som liker å prate i telefonen. Men kor dyrt det blir ein annen sak.

For å bli kvitt dette modemviruset treng du den beste medisinen på markedet. Du har tre gode løysingar. Dei er ISDN, ADSL og Breiband.

Dette er tre gode muligheiter for deg med desse modemproblema; det går mykje raskare, og det hjelper til å kontrollere ditt sinne.

Breiband er kanskje den beste løysinga, men kanskje ikkje den enklaste. Breiband er himmelen i forhold til den lisle boksen.
Har du prøvd breiband,, har du nesten sett ljoset. Det seier seg nesten sjølv, det går mykje raskare enn dei smale ledningane til eit modem. Den einaste ulempa er jo at banda er så store , og dei tar så stor plass, og derfor har ikkje Noreg, som eit smalt land, plass til breibånd.

Som de ser, finnest det mange bra løysingar dersom du lider av "modemviruset". Konklusjonen er at du bør skifte ut modemet med ein meir moderne løysing, som ISDN; ADSL eller UPC. Men hvis du verkeleg vil sjå ljoset, så må du flytte til eit breit land !

-Er fjernkontrollen ein bra eller dårleg oppfinnelse?
Av: Therese Vegge 10D

Eg må jo seie at fjernkontrollen er blitt ein av dei viktigaste ressursane i Noreg. Vi tar han sjølvsagt for gitt som alt anna, men når han først er borte, er kaoset i familien eit faktum. Det er der all energien og stå-på vilja blir brukt opp.
Vi forhøyrer oss rundt med alle som har vore i nærleiken av han og leitar på alle moglege og umoglege plassar. "Første mann til å finna han får velje kanal". Og om vi ikkje finn han, kva skal vi gjere? Skal vi dytte sofaen nærmare Tv'en, TV'en nærmare sofaen eller kanskje ta ka-shi-bom på kven som skal gå og skifta kanal?

Nå er det ikkje bare TV'en det finst kontroll til. Det fins kontrollar til CD-spelarar, MiniDisc-spelarar, radioar, garasjar, ja til og med nokre peisar kan tennast med eit lite trykk på ein kontroll.
Det å finne riktig kontroll og riktige knappar er ein dugleik i seg sjølv. Heime på stovebordet har vi tre kontrollar. Eg skvett til kvar einaste gong radioen sett igang når eg skrur på Tv'en. Jo lengre verda kjem i teknologi, jo fleire utfordringar for oss vanlege folk.

Og korleis blir det i fremtida da? Vi har jo sett på reklamen at både kaffetraktar, peis, badekar og stereoanlegg slår seg på når du kjem heim. Og det er jo vel så greit hvis du pleiar å drikke kaffe i badekaret, mens stereoanlegget står og spelar i det andre rommet saman med den brennande peisen. Ja, det er ein luksus ikkje alle har råd til.
Vi kan jo drøyme om at ein dag kan vi alle ha ein kontroll som åpnar dører og vinduar, baker, skjer, smør, lagar te og kaffe, skrur på dusjen, tastar inn telefonnummer, skrur på lys, rettar på skjeive bilete, støvsug, tørkar støv, ordnar sikringar, ja, som til og med skyllar ned når du er ferdig på vannklosettet.
Ein kontroll til alt dette, det hadde vore noko.
Men sjølv om livet hadde blitt enklare med denne eine kontrollen, hadde det også blitt meir ottefullt.
-For sannsynlegvis hadde vi mista han også.